Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Hans Gjesme og Kjell Gunnar Overøye.

Dobbel utstillingsopning

Tidspunkt -
Stad Sogn Kunstsenter

Lærdølen som på 1920-talet drog til Kristiania og Paris, og kom heim att og måla innbyggarane, eller sunnmøringen som lagar tredimensjonale «landskap» i metall hundre år seinare?

I sommar stiller Sogn Kunstsenter ut portrett av mange historiske Sogningar av målaren og teiknaren Hans Gjesme og metallrelieff inspirert av natur- eller menneskeskapte landskap av Kjell Gunnar Overøye.

– Her trur eg det er moglegheit for mange frå Indre Sogn til å finne att portrett av tippoldeforeldra sine. Lærdalskunstnaren Hans Gjesme har skapt hundrevis av portrett. No stiller vi ut portrett av minst 60 ulike personar, dei fleste vert vist fram for første gong. Minst 50 av dei er av sogningar, både kvinner, menn og born. På sett og vis presenterer vi ein 100 år gamal tidskapsel, seier kurator for utstillinga, Ingrid Norum.

Som kontrast til 1900-talet sin målar- og teiknekunst, stiller Sogn Kunstsenter òg ut skulpturelle verk i metall som stål, messing, kopar og sølv. Overøye nyttar ein gamal og arbeidskrevjande teknikk kalla damascene, som er å legge ein type metall inn i eit anna, for å skape eit mønster. Ein kjenner teknikken att frå Midtausten, som har ein tradisjon for å lage til dømes tallerkenar med mønster på den måten. 

– Det er stor skilnad i både tid, teknikk og tema hjå desse kunstnarane. Kvar på sin måte deler dei sine erfaringar og idear gjennom kunstverka sine. Kunstnarane byr på ulike opplevingar for publikum, men å sjå dei under same tak, trur eg kan vere ei fin kontrast som får fram særpreget hos begge, seier Ingrid Norum.

Utstillinga vert opna av avdelingsdirektør Tor Martin Leknes og kurator Ingrid Norum.

Enkel servering

Verksfoto: Hans Gjesme, Sjølvportrett, 1926, olje på lerret og Kjell Gunnar Overøye, Shukkei-en Garden, 2017, rustpatinert stål og kopar.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

25. september 2023 — 14. juni 2024
Vinterstengd. Ope ved nokre arrangement på Kulturhuset

Prisar

  • Vaksen: 160 kr
  • Barn 6-16 år: 60 kr
  • Barn 0-5 år: Gratis
  • Familie: 300 kr

Her er vi

Sogn Kunstsenter
Øyraplassen 14
6887 Lærdal