Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Ein stor mørk fugl flyg over Gaustad sjukehus i Oslo.

Føredrag - Glimt frå Gaustad sjukehus på 1950- og 1960-talet

Tidspunkt
Stad Sogn Kunstsenter

I høve årets Gjesme-utstilling, "Gal og genial?" inviterer vi til gratis føredrag knytt til temaet psykisk helse.

Program

  • Kåseri om Gaustad sjukehus si historie, og dei strøymingane i behandlingsfilosofien som var rådande på 1950- og 1960-talet, ved Ellen Hagemo, psykiater og tidlegare klinikksjef på Gaustad

  • Anekdoter og historiar frå sjukehuset, ved Vigdis Smedsrud, arbeidstreningsleiar på Gaustad frå 1965-2007

  • Hagemo og Smedsrud vil ta for seg korleis livet på sykehuset var på denne tida gjennom informasjon fra årsmeldingane, fotografi og anekdotar fra dagleglivet.

  • Etter føredraget, ca. 19, fortel kurator Ingrid Norum kort om utstillinga. Så vert det mingling og prat i utstillinga.

  • Dørene stenger kl. 20.

sogn-kunstsenter/ellen-hagemo-og-vigdis-smedsrud.jpg.
Ellen Hagemo og Vigdis Smedsrud

Om behandlinga si utvikling ved Gaustad sjukehus

Gaustad Asyl vart oppretta som det første statsasylet i Noreg og vart opna i 1855. Det var eit stort løft for ein liten nasjon som Noreg å bygge dette staslege bygget, den gangem i utkanten av hovudstaden Kristiania. Idelogien for behandling prega strukturen av bygningane med eigne fløyer for menn og kvinner kor pasientane vart delt inn etter åtferd og symptom. Dei første 50 åra var behandlingstilbodet prega av ei humanistisk tenking.

Rundt 1900 var sykehuset overfylt og ein syntes ikkje at dei teoriane ein hadde hatt, førte til ønska betring. Ute i verda var ein oppteken av å finne somatiske årsakar til sinnslidingane og av å utvikle nye behandlingsformer. Dette førte til at ein ga medikament for å framkalle krampar og ein byrja med elektrosjokk midt på 1930-talet. På slutten av 1930-talet byrja ein i Europa og USA med psykokirurgi: lobotomi på pasientar med alvorleg sinnsliding og åtferdsforstyrringar. På Gaustad sjukehus byrja ein med dette i 1941.

Midt på 1950-talet kom det medikament mot psykose og alvorleg depresjon og det var ei stor nyvinning for behandlinga og miljøet på sykehuset.

Hans Gjesme var pasient på Gaustad sykehus fra 1955-1971. På den tid var det mogleg for pasientar med kunstnarlege talent å få bruke desse i sitt daglige arbeid etter deira helsetilstand, både gjennom måling, teikning og dikting.