Høgdepunkt frå 1917 til 1993
Biletkunstnaren Hans Gjesme frå Lærdal skapte frå han var 13 til han var 89 år. Han byrja tidleg med teikning og akvarell. På 1920-talet kosta faren difor studiar for han hjå både Pola Gauguin (1883–1961) i Kristiania, André Lhote (1885–1962) i Paris og Axel Revold (1887–1962) i Oslo.
Gjesme budde mykje i Lærdal, men òg i lange periodar i Oslo. Brorparten av motiva er difor derifrå, men òg frå studieturar til Paris og Røros.
I ei skissebok frå 1929 skreiv Gjesme: «Kunsten skal vera av notidi, av augneblinken.» Kunstnaren brukte livet sitt til å skildre landskap og natur til alle årstider, men òg arkitektur og byliv. Han portretterte slekt og kjende, på eige initiativ og på oppdrag. Han arbeidde òg med stilleben, interiør og akt. Han skildra folk i arbeid både heime i Lærdal og på Gaustad sjukehus kor han var lagt inn i 16 år. Der framstilte han òg korleis han opplevde medpasientanes og eigen sjukdom og einsemd.
Gjesme var ikkje del av ei kunstnarleg gruppering, men ein kan sei at han var ein «Vestlandsmålar». Måleri og teikning var hovudmedia hans, men han var òg innom gipsskulptur og grafikk. Uttrykket utvikla seg frå detaljert naturalisme i ungdommen via seinimpresjonisme påverka av Gauguin tidleg på 1920-talet til ein lett kubistisk stil inspirert av Lhote frå 1925. Rettleiinga frå Revold hausten og vinteren 1928–1929 førde Gjesme over i ein meir forenkla stil med meir forteikna figurar.
I teikningane frå tida på Gaustad sjukehus har Gjesme den same stødige streken og den same sansen for detaljar som tidlegare, medan han i måleria arbeider i sterkare fargar og fargekombinasjonar enn før og i ein meir og meir forenkla og ekspressiv stil. I løpet av sitt lange kunstnarskap var han følgjeleg innom dei fleste ismane innanfor modernismen. Etter Gaustad vart uttrykket enda meir oppløyst – og tidvis prega av skjelving – grunna år med sterk medisinering.
Med denne utstillinga ønskjer vi å syne fram nokre av dei mest representative, interessante og flotte verka Gjesme skapte gjennom 76 år. Gjesmesamlinga er stor, så mange perler må vente til eit anna høve. I byrjinga av utstillinga finn du nokre av publikum sine utvalde Gjesmefavorittar.
Utstillinga opnar kl. 17 den 19. juni 2026