Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
sogn-kunstsenter/midtbo,-harastolen-fb.png.

Føredrag: Om Harastølen og ei ny bok om lobotomi

Tidspunkt -
Stad Sogn Kunstsenter

Oddrun Midtbø kjem til Sogn kunstsenter torsdag 6. februar med føredrag om Harastølen og om arbeidet med den nye boka si om lobotomi.

Om Harastølen: Kvifor vart eit enormt sjukehus bygt på ei fjellhylle lengst inne i Sognefjorden? Kven var det som kjempa for å koma hit, og kven vart sende hit utan å bli spurd? Kva er dei sterke banda mellom Bergen og Harastølen?
Det heile starta i 1902. Fyrst kom dei tuberkuløse. Deretter kom to båtlaster frå Bergen med «galningar»som måtte ha ein ny stad å bu då Rosenbergs asyl vart rive. 30 år etter kom flyktningane frå Bosnia-Hercegovina.
Staden er spekka med lagnader, dramatikk, død og kjærleik. Historier som er i ferd med å bli gløymde. Denne boka har fanga nokre av dei. Etter mange tiår med forfall er det håp om at folk på nytt kan sjekka inn. På Harastølen Hotell.

Oddrun Midtbø (f.1964) har arbeidd som journalist i over 40 år. Ho er frå Luster og har vakse opp med Harastølen. I 2023 vart boka om Harastølen lansert på eige forlag. Midtbø fekk prisen «Årets Indiebok 2023» i klasse sakprosa.

I 2025 arbeidar ho med ei ny bok om lobotomi.

Minisamfunnet på Harastølen som psykiatrisk institusjon har fleire parallellar til Gaustad sjukehus i tida Hans Gjesme var innlagt der. Gjesmeutstillinga "Gal og genial?" er open etter føredraget.