Historikaren Ivo de Figueiredo (1966) er ein av våre mest anerkjende sakprosaforfattarar med eit forfattarskap som spenner frå true crime, ungdomsbøker, ei slektshistorie og fleire bøker om kulturhistoriske emne, blant dei tobinds-biografiane om Henrik Ibsen og Edvard Munch.
Som forfattar er de Figueiredo av typen som trivst like godt på ei scene som bak skrivebordet, og har difor gjennom meir enn tjue år vore kjend som ein entusiastisk formidlar med ei eiga evne til å kombinera kunnskap, humor og gode historier. Etter utgjevinga av siste bind av "Stormen. Ein biografi om Edvard Munch", hausten 2024, har han reist land og strand rundt med foredrag og boksamtalar. Erfaringa frå desse reisene viser at det er stor interesse for den største kunstnaren vår der ute.
Etter å ha arbeidd sju år med Munchs liv og kunstnarskap er de Figueiredo den beste til å utføre den oppgåva som kviler på han som forfattar og biblioteket som institusjon: Å driva folkeopplysning av klassisk merke.
Til Sogn Kunstsenter kjem han med eit føredrag om Edvard Munch der han legg særleg vekt på Munch sine kriseår frå 1902 og fram til samanbrotet hausten 1908 og det påfølgande opphaldet på Dr. Jacobsons klinikk.
Inngangsbillett
Inngang kr. 100,-
Før og etter arrangementet vert det høve til å sjå utstillinga "Hans Gjesme - Gal og genial?"
Arrangementet er støtta av Fritt Ord.