OPE VED ANDRE ARRANGEMENT PÅ HUSET FRAM TIL 25. SEPTEMBER.
Kjell Gunnar Overøye jobbar med relieff, korpusarbeid og skulptur i ulike metall som stål, kopar og sølv. Relieffa består av fleire lag med kontrasterande metall der motiva kjem fram ved gjennomskjering eller perforering. Mellom dei ulike laga skapast rom og glidande skuggeverknader.
Korpusarbeida er forma tredimensjonalt for hand med hammar. Overøye legg deretter inn tynne sølvtrådar i utmeisla spor i stålet. Arbeidsforma er ein variant av den tradisjonsrike og sjeldne damascene-teknikken og er svært tidkrevjande.
Kunstnaren er oppteken av det handfaste ved materiala i seg sjølve – skildra gjennom handverket og den eigenhendige utføringa, i ei stadig leiting etter stofflege kvalitetar, ibuande fargar og karakter. Kontrastar materiala i mellom er avgjerande, gjerne også symbolsk med tanke på dei forventningane og førestillingane ein i tradisjonen ofte har til slike materiale; edle og uedle, bruksområde og tillagde tydingar. Kontrastar mellom det lyse og mørke, synleggjort i det kvite, polerte sølvet mot det rust- eller svartpatinerte stålet er essensielt.
Motiva er ofte komposisjonar med fragment av linjer og former frå naturskapte eller menneskeskapte landskap, figurativt antydande eller tilarbeidd mot det abstrakte. I overflatebehandlinga nyttar Overøye gjerne «naturmetodar» som nedgraving i jord og etsing med grovsalt. Slik vert materiala tekne eit stykke tilbake til naturen, og det skjøre og forgjengelege, som sjølvsagt òg bur i slike materiale, kjem til synes.
Kjell Gunnar Overøye (f. 1964, bur og arbeider i Sykkylven, Møre og Romsdal) studerte ved Statens handverks- og kunstindustriskole, Oslo, institutt for metall, og blei uteksaminert med Diplom i 1989. Overøye har stilt ut separat ved mellom anna Khåk kunsthall (Ålesund, 2018), Møre og Romsdal kunstsenter (Molde) og Grimstad kunstforeining.
Av kollektivutstillingar kan nemnast NK Temautstilling SKOG, Telemark kunstsenter (Skien, 2021), Årsutstillingen - NK, Nordnorsk Kunstmuseum (Tromsø, 2020), NK Midt-Norge (Trondheim, 2020), Romsdalsmuseet (Molde) og Cylindra Gallery (Sykkylven).
Overøye har utført oppdrag og offentleg utsmykking for Ålesund og Volda sjukehus, Sykkylven kommune og ei rekkje kyrkjer i Norge. Verka hans er mellom anna innkjøpt til kunstmuseet KUBE (Ålesund, 2021) og Oslo kommunes kunstsamling (2020). Han har mottatt Statens arbeidsstipend og Møre og Romsdal fylkes kunstnarstipend.
Verksfoto: Kjell Gunnar Overøye, Shukkei-en Garden, 2017, rustpatinert stål og kopar