Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Forfattar Oddrun Midtbø med den kommande boka Lobotomert.

Føredrag: Oddrun Midtbø om «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria»

Tidspunkt -

Oddrun Midtbø (1964) kjem til Sogn kunstsenter for å fortelje om boka Lobotomert og arbeidet med denne. I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.

Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk liva sine øydelagde etter inngrepet.

Under arbeidet med boka om Harastølen oppdaga Oddrun Midtbø ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante, Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene?

Kampen for innsyn i pasientjournalen hennar er den raude tråden i denne sterke forteljinga.

Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.

Inngangsbillett

Inngang kr. 100,-

Før og etter arrangementet vert det høve til å sjå utstillinga "Hans Gjesme - Gal og genial?"

Arrangementet er støtta av Fritt Ord.

Oddrun Midtbø har arbeidd som journalist i over 40 år. Ho er frå Luster og har vakse opp med Harastølen. I 2023 vart boka om Harastølen lansert på eige forlag. Midtbø fekk prisen «Årets Indiebok 2023» i klasse sakprosa.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. september 2025 — 26. april 2026
Ope ved arrangement, ved ope kulturhus og på bestilling
Kontakt: guro.nesse@laerdal.kommune.no

Prisar

  • Vaksen (inkl. Nasjonalt Villakssenter): 190 kr
  • Barn 6-16 år (inkl. NV): 85 kr
  • Barn 0-5 år: Gratis
  • Kun kunstsenter: 80 kr

Her er vi

Sogn Kunstsenter
Øyraplassen 14
6887 Lærdal