I samband med utstillinga «Gal og genial?» inviterer Lærdal kulturhus til ein unik konsert der Susanna Wallumrød tolkar dikta til Gunvor Hofmo – ei av dei mest særmerkte stemmene i norsk lyrikk.
Både Gunvor Hofmo og Hans Gjesme hadde lange opphald ved Gaustad psykiatriske sjukehus, på same tid, men utan å kjenne kvarandre, så vidt me veit. Hofmo var innlagd frå 1964 til 1975, ei tid prega av stillheit og indre kamp, medan Gjesme var tvangsinnlagd frå 1955 til 1971 og måla i det stille. Der Hofmo uttrykte seg gjennom ord, formidla Gjesme si verd gjennom pensel og fargar.
Konserten og utstillinga løftar fram to kunstnarar som begge fann kraft og uttrykk i det indre mørket – og som i dag gir oss eit sterkt møte med kunsten si evne til å synleggjera det menneskelege.
“Svært vakker symbiose mellom tekst, melodi og instrument.” Morgenbladet
I over tjue år har Susanna spelt konsertar i inn og utland, og utgitt 19 album. Eit av prosjekta Susanna Wallumrød har gjort er “Eg vil heim til menneska” med tonesette dikt av Gunvor Hofmo. I samband med Hofmos 100-års jubileum i 2021 gav ut Susanna demoane til albumet som kom for ti år sidan, og for tida framfører Susanna songane laga av Gunvor Hofmos dikt i duo saman med saksofonist Harald Lassen. I januar 2026 speler dei på Lærdal kulturhus.