Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Biletet syner eit måleri av fleire blå keramikk- og glasvarar. Kunstnar er Hans Gjesme.

Talande ting - stilleben og kunsthandverk frå samlingane

Tidspunkt til
Stad Sogn Kunstsenter

Om du eig meir enn sju ting, eig tinga deg.

Antakeleg Lao Tzu (500 f. Kr.)

I årets utstilling i Sogn Kunstsenter syner vi fram stilleben, interiør og kunsthandverk frå Gjesmesamlinga, Eikaassamlinga, Astrupsamlinga og samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dei fleste verka skildrar ting, medan andre er ting. Det er verk i så ulike teknikkar som assemblage, collage, design, fotografi, glas, grafikk, installasjon, keramikk, metall, maleri, pastell og teikning, alle frå perioden 1900 til 2019.

I det moderne forbrukarsamfunnet fløymast vi over av ting. Kva tyder desse tinga for oss? Kva ved dei fasinerer oss? Er det kva mennesket evnar å lage – sjølve handverket? Historia som ligg i dei? Eller kva dei fortel om oss? Ser ein på Instagram, Pinterest og bloggar så bognar det av vår tids «stilleben»; fotografi av kva folk har i heimane sine og ting dei elles er opptekne av eller ønskjer seg. Og det utan å søke på bilete med emneknaggen #stilllife (over 4 191 000), #stilleben (over 87 000) eller #naturemorte (over 165 000) på Instagram. Bileta vanlege folk legg ut av tinga sine krev mykje arbeid med utval, komposisjon og lys. Alt handlar om å arrangere og dandere tinga på stilegast mogleg måte, og slik få tinga til å seie bra ting om oss sjølve. Dei skapar «imaget» vårt: «Dette er tinga mine, slik er eg!»

Korleis har kunstnarane, som Hans Gjesme (1904-1994), teke stilling til tinga dei skildrar/lagar? Kva skildrar/lagar dei og korfor? Kva ønskjer dei å formidle? Korleis er medvitet kring bruken av stillebensjangeren i dei todimensjonale verka? Er skildringa av ting på 1900-talet berre eit utgangspunkt for formale eksperiment for kunstnarane, eller legg dei meir i det? Kunstnarar heilt opp til vår eiga tid, slik som Maria Brinch (1984) med røter frå Lærdal,  interesserer seg framleis for å skildre og skape ting, og vidarefører og fornyar med det ein lang tradisjon med sine nye innfallsvinklar. ­

Kurator: Ingrid Norum
Montering: Berhanu Mekonen, Ingrid Norum, Stein Sandemose Baardsen
Lyssetting: Berhanu Mekonen

Med kunstverk frå samlinga av:
Oddleiv Apneseth, Nikolai Astrup, Ingunn Bakke, Alexandre Bau, Reidun Færøy Bergstrøm, Wenche Bjørkan, Maria Brinch, Harry Botn, Karen Disen, Tomasz Domanski, Lisbet Dæhlin, Snøfrid Hunsbedt Eiene, Ludvig Eikaas, Karen Erland, Odd og Kari Gjerstad, Hans Gjesme, Rolf Hansen, Erick Stanley Hanson, Elisa Helland-Hansen, Brite Hindal, Tor Hvamen, Ole Jakob Ihlebæk, Magni Jensen, Ji Hyun-A, Sten Magne Klann, Karen Klim, Vidar Koksvik, Torbjørn Kvasbø, Per K. Lefdal, Elisabeth Mathisen, Jussi Ojala, Adriana Popescu og Lise Schønberg, Kirsti Prøis, Ralston & Bau, Odd Sama, Kjartan Slettemark, Tone Storevik, Ove Svele, Kjersti Teigen, Ann Beate Tempelhaug, Svein Thingnes, Marit Thingnæs, Kari Ulleberg, Grethe Unstad, Jørleif Uthaug, Olav K. Vaagen, Elisabeth Østby-Deglum, Kirsten Øverås og Arne Åse. 

Planlegg besøket ditt

Opningstider

25. september 2023 — 14. juni 2024
Vinterstengd. Ope ved nokre arrangement på Kulturhuset

Prisar

  • Vaksen: 160 kr
  • Barn 6-16 år: 60 kr
  • Barn 0-5 år: Gratis
  • Familie: 300 kr

Her er vi

Sogn Kunstsenter
Øyraplassen 14
6887 Lærdal