Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Utsnitt av eit måleri av Hans Gjesme og av eit stillbilete frå ein video av Eli Mai Huang Nesse.

Utstillingsopning: "Hans Gjesme - Høgdepunkt" og KSF: "Der me er"

Tidspunkt -

Hans Gjesme og samtidskunst vegg i vegg

Fredag 19. juni opnar vi utstillingane "Hans Gjesme - Høgdepunkt" og KSF si utstilling "Der me er" i eit felles program:

17:00 Musikalsk innslag ved Markus Lirhus.

Markus Lirhus med gitaren.

17:05 Guro Nesse, biblioteksjef/ rådgjevar kultur i Lærdal kommune ønskjer velkommen.

17:10 Inger Eri, kunsthistorikar og tidlegare seniorrådgjevar i Kulturdirektoratet introduserer utstillinga "Der me er"

17:15 Ingrid Norum, seniorrådgjevar i avdeling kunst i Musea i Sogn og Fjordane introduserer utstillinga "Hans Gjesme - Høgdepunkt"

Samansett bilete av Guro Nesse, Inger Eri og Ingrid Norum.
Guro Nesse, Inger Eri og Ingrid Norum

17:20 Avslutting ved Tor Martin Leknes, avdelingsdirektør for kunst i Musea i Sogn og Fjordane og Ann Lisbeth Lesto, dagleg leiar for Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane.

Enkel servering.

Gratis inngang. Dørene stenger 18:30.

Les meir om dei to utstillingane under opplevingar nedanfor.

Kunstnarsentereret i Sogn og Fjordane (KSF) er eit regionalt senter for visuell kunst plassert i Førde. KSF har i år gjort ein avtale med Lærdal kommune om å syne fram prosjektet "Der me er" i Høgsalen i Sogn Kunstsenter.

Utstillinga "Hans Gjesme - Høgdepunkt" basert på verk frå Gjesmesamlinga vil verte vist fram i dei to låge salane.