Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
eikaasgalleriet/forjulsdag-pa-eg-2311-1700746556.jpg.

Førjulsdag på Eikaasgalleriet

Tidspunkt -
Stad Eikaasgalleriet

Treng du litt førjulsstemning, noko kjekt å finne på med borna, få unnagjort ei julegåve eller har du berre lyst på ein kafètur? Då bør du ta turen til førjulsdag på Eikaasgalleriet.

I juleverkstaden for små og store kan du lage utradisjonelle julekort inspirert av formane i Siri Aurdal sin installasjon i galleriet - korleis kan kunstverk bli til julekort? Eller la deg inspirere av bilda til Ludvig Eikaas og hans fiffige formuleringar - er det kanskje teksten på julekortet som blir litt utradisjonell i år? Eit klassisk julekort er heller aldri feil, uansett, vi har det du treng til å lage årets finaste julekort.

"Jeg har seiret over det negative. Det er godt gjort. God jul! Klem frå ...."

"Det er ikke jeg som er vill. Det er de andre som ikke vill. God jul frå ..... "

eikaasgalleriet/eikaas-julekort-2.jpg.
Frå venstre: Bilde frå installasjonen "Intervju" av Siri Aurdal, foto: Henning A. Hellebust. Ludvig Eikaas, "Jeg har seiret over det negative - det er godt gjort", 1980. Ludvig Eikaas, "Det er ikke jeg - som er vill. Det er de andre - som ikke vill", 1990.

Øvrebø smykkeverkstad v/ Anne Lise Øvrebø kjem og sel fine julegåver i sin pop-up-butikk. Jølster litterære folkeakademi kjem også og sel bøker frå dei tre flotte nynorskforlaga; Selja, Skald og Samlaget. Kom i julestemning i kafèen, der får du kjøpt noko varmt å drikke og julevaflar med syltetøy.

Velkommen til ei hyggeleg førjulsstund på Eikaasgalleriet!

eikaasgalleriet/skjermbilde-ovrebosmykkeverkstad.JPG.
Fine julegåver finn du i pop-up-butikken til Øvrebø smykkeverkstad.

BILLETTINFO:

Verkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Gratis for dei med årskort, ellers gjeld vanleg inngangsbillett. Utstillingane er opne for dei med billett/årskort.

Skal du berre i kafèen eller i pop-up-butikken treng du ikkje billett.