Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
eikaasgalleriet/forjulsdag-pa-eg-2311-1700746556.jpg.

Førjulsdag på Eikaasgalleriet

Tidspunkt -
Stad Eikaasgalleriet

Treng du litt førjulsstemning, noko kjekt å finne på med borna, få handla litt julegåver eller har du berre lyst på ein kafètur? Då bør du ta turen til førjulsdag på Eikaasgalleriet.

I juleverkstaden for små og store kan du lage utradisjonelle julekort og gåvelappar inspirert av Ludvig Eikaas. Pynt di eiga pepparkake i friske fargar, et med ein gong eller ta med heim.

Kom i julestemning i kafèen, der får du kjøpt noko varmt å drikke, pepparkake og julevaflar.

Galleriet helde ope, og det vert høve til å sjå utstillinga som vart sett opp i anledning Landslovjubileet tidlegare i haust. Utstillinga syner verk av Ludvig Eikaas som på fleire måtar bind han saman med Audun Hugleiksson. Kostymeutstillinga Kongens mann er også ope for publikum.

Velkommen til ei hyggeleg førjulsstund på Eikaasgalleriet!

BILLETTINFO

Verkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Gratis for dei med årskort, ellers gjeld vanleg inngangsbillett. Utstillingane er opne for dei med billett/årskort. Skal du berre i kafèen treng du ikkje billett.