Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
eikaasgalleriet/forjulsope-eg-2025.png.

Førjulsope på Eikaasgalleriet

Tidspunkt -
Stad Eikaasgalleriet

Treng du litt førjulsstemning, noko kjekt å finne på med borna, få handla litt julegåver eller har du berre lyst på ein kafètur? Då bør du ta turen til førjulsdag på Eikaasgalleriet.

I juleverkstaden for små og store kan du lage utradisjonelle julekort og gåvelappar inspirert av Ludvig Eikaas og Engel Astrup. Det vert høve til å teste ut ulike trykkemetodar.

Kom i julestemning i kafèen, der får du kjøpt noko varmt å drikke og julebrød.

Nytt høve til å sjå utstilllinga LIVSNERVEN - frå stove til atelier. I utstillinga vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst. Kl. 14.00 kan ein vere med på ei lita omvising i utstillinga.

Øvrebø smykkeverkstad held også ope denne dagen, like over vegen.

Velkommen til ei hyggeleg førjulsstund på Ålhus og Eikaasgalleriet!

BILLETTINFO

Det er gratis inngang hos oss denne dagen.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. juli — 31. juli
Alle dagar 11.00 - 17.00

Prisar

  • Vaksen: 140 kr
  • Student/honnør: 110 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (15+ personar*): 120 kr

Her er vi

Eikaasgalleriet
Jølstravegen 1677
6847 Vassenden