Pioner og trendsetjar
Forfattaren og dramatikaren Hulda Garborg (1862-1934) var pioneren bak folkeviseleiken, bunadene og Det Norske Teatret. Ho var også ein trendsetjande interiørskapar og leita etter handgjorde gjenstandar som foreinte det moderne med norsk tradisjon. I familiebladet For Bygd og By rettleidde ho mange som bad om råd for gode norske innreidingsvarer. Åkle hadde ein sjølvsagt plass i «den norske heimen» som Hulda Garborg skapte.
Interiør og vevtradisjon
Forfattar Arnhild Skre vil fortelje oss om Huldas idealheim. Vi får også høyre om vevtradisjonen i Jølster knytta til utstillinga LIVSNERVEN - frå stove til atelier, ei utstilling som er forankra i vevtradisjon, mønster, åkle og kvinneleg gründerskap i Jølster. Gjennom foredraget om Hulda og utstillinga i galleriet vil vi kunne sjå korleis dei lokale og nasjonale rørslene er vevd inn i kvarandre.
Billettar kjøpast i dør
Pris: kr 250
Arrangementet er eit samarbeid mellom Jølster litterære folkeakademi og Eikaasgalleriet.