Bli med folkefest på Ålhus 27- 29. september. Magnus Lagabøte si landslov av 1274 sette rett framfor makt og skreiv fram grunnmuren i det gode samfunnet vi får leve i, 750 år seinare. Mellom lovskrivarane var Audun Hugleiksson frå Ålhus.
Program for festhelga på Ålhus (arrangement og aktivitetar som finn stad på Eikaasgalleriet er utheva):
FREDAG 27. SEPTEMBER
Kl 10.00-16.00: Rett framfor makt i 750 år
Lovhistorisk fagdag på Eikaasgalleriet
Kl 18.00: Ein gut, ei borg, ei rose, ei lilje
Forteljeframsyning ved Borgja og opning av Audun Hugleikssons plass.Kl 18.30: Opptog frå Borgja til Eikaasgalleriet
Kl 19.00: Opningshøgtid i Eikaasgalleriet
Opning av kostyme-utstillinga "Kongens sendebod" og ei ny utstilling om Ludvig Eikaas og Audun HugleikssonKl 22.00: Draumkvedet i Ålhus kyrkje
LAURDAG 28. SEPTEMBER
Kl 11.00-16.00: Marknad og moro ved Eikaasgalleriet
Kl 15.00 og 17.00: Landet du gav oss
Kyrkjekonsert i Ålhus kyrkjeKl 20.00: Landslovsgilde i Borgja
Langbordsmiddag frå middelalderens kjøkken.
SØNDAG 29. SEPTEMBER
Kl 11.00-16.00 Eikaasgalleriet er ope for publikum, sjå kostyme-utstillinga "Kongens sendebod" og den nye utstillinga om Ludvig Eikaas og Audun Hugleiksson
Kl 11.00 Jubileumsgudsteneste i Ålhus kyrkje
Kl 12.00 Opning av kulturmiljøløypa på kyrkjebakken.
Formidling og omvising ved elevar frå Sunnfjord kulturskuleKl 15.00 Mikkelsmesse-middag i prestegardshagen
Kransen, Husfrue, Korset - litterær salong i stovene.