Onsdag + kunst + åkle = Eikaasgalleriet. Kom innom i november!
Vi held ope kvar onsdag ettermiddag i november. Nytt høve til å sjå utstilllinga LIVSNERVEN - frå stove til atelier.
I utstillinga vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst. Til å fortelje nokre av desse historiene, stig vi inn i stover som tek med seg gamal tradisjon inn i nyare tider. Langsmed føl vi Ludvig Eikaas sine observasjonar og komposisjonar.
Om du kjenner deg i det kreative hjørnet, har vi laga til ein krok kor det er mogleg å teste ut tresnitt og anna.
Velkomne!