Velkomne innom Eikaasgalleriet i haustferien
Nytt høve i haustferien til å besøke galleriet og årets utstilling LIVSNERVEN - frå stove til atelier. I kafeen har vi varm drikke og vafler, og ein liten aktivitetskrok for dei som har lyst til å utfolde seg kreativt.
Ei utstilling med lokal forankring
Utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst.
Til å fortelje nokre av desse historiene, stig vi inn i stover som tek med seg gamal tradisjon inn i nyare tider. Langsmed føl vi Ludvig Eikaas sine observasjonar og komposisjonar.