Velkomne innom Eikaasgalleriet i haustferien
Nytt høve i haustferien til å besøke galleriet og utstillinga LIVSNERVEN - frå stove til atelier. I kafeen har vi varm drikke og vafler, og ein liten verkstad for dei som har lyst til å utfolde seg kreativt.
Ei utstilling med lokal forankring
Utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst.
Til å fortelje nokre av desse historiene, stig vi inn i stover som tek med seg gamal tradisjon inn i nyare tider. Langsmed føl vi Ludvig Eikaas sine observasjonar og komposisjonar.
Mønster og vev
I haustferien riggar vi til ein liten verkstad kor ein kan teikne og perle etter vevmønster. Vi har og ei stor vevramme som vi inviterer publikum til å fylle med ulike mønster og tekstilar.