Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
Tekstil med mønster i ulike fargar.

Påska på Eikaasgalleriet

Tidspunkt til
Stad Eikaasgalleriet

Velkomne innom Eikaasgalleriet i påskeferien

Nytt høve i påska til å besøke galleriet og utstillinga LIVSNERVEN - frå stove til atelier. I kafeen har vi varm drikke og nysteikte vafler, og ein liten aktivitetskrok for dei som har lyst til å utfolde seg kreativt.

Ei utstilling med lokal forankring

Utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst. Til å fortelje nokre av desse historiene, stig vi inn i stover som tek med seg gamal tradisjon inn i nyare tider. Langsmed føl vi Ludvig Eikaas sine observasjonar og komposisjonar.

* Vi arbeider med nokre justeringar i utstillinga i forkant av sommarsesongen. Ved spørsmål, kan ein kontakte museumsvert på jobb desse dagane.

OPNINGSTIDER I PÅSKA

LAURDAG 28. MARS, KL. 12.00 - 16.00

SØNDAG 29. MARS, KL. 12.00 - 16.00

LAURDAG 04. APRIL, KL. 12.00 - 16.00

SØNDAG 05. APRIL, KL. 12.00 - 16.00

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. januar — 22. mai
Ikkje faste opningstider, vil vere aktivitetar og kortare opningsperiodar, blir oppdatert.
Ta kontakt med museumsleiar på mobil 99 20 26 76 ved ynskje om omvising.

Prisar

  • Vaksen: 140 kr
  • Student/honnør: 110 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (15+ personar*): 120 kr

Her er vi

Eikaasgalleriet
Jølstravegen 1677
6847 Vassenden