Velkomne til mønsterverkstad på Eikaasgalleriet
Bli med på ein kreativ dag hos oss på Eikaasgalleriet. Vi hentar inspirasjon i frå den rike åkletradisjonen området og lagar mønster med ulike teknikkar og materiale.
Verkstad med tradisjonelle og moderne utrykk
Vi inviterer til ein verkstad som passar godt for ungar i skulealder, og vaksne som ønsker eit lite kreativt avbrekk. Dagen er eit av fleire oppspel til vår komande utstilling "LIVSNERVEN - frå stove til atelier", kor vi har henta inspirasjon frå åkle- og mønstertradisjonen som finnes i Jølster. På verkstaden trekk vi trådar frå eldre handverk og tester dei ut med moderne utrykk og fargar.
Vi legg til rette med inspirasjon, arbeidsmateriale, og rettleier gjennom dagen.
Ein laurdag på Ålhus
Verkstaden er tilgjengeleg frå kl 12. 00 fram til stengetid, og ein styrer sjølv kor lenge ein ønsker å være der.
Vi har flotte uteområde ned mot Jølstravatnet om ein ønskjer å lufte seg og sola glimtar til. Om ein ønskjer å oppleve meir av Ålhus, kan ein følgje den nye kulturmiljøløypa gjennom grenda.
På museet denne dagen møter du vertskapet Olin og Solveig, som arbeider ved Eikaasgalleriet og Astruptunet.


Praktisk informasjon
Verkstaden passar for born i skulealder (frå 6 år og oppover) og andre som treng eit kreativt avbrekk.
Vi ønsker at born under 10 år vert følgd av ein vaksen.
Kafeen held ope med enkel servering, kor ein kan kjøpe varm drikke og sveler. Ein kan og ha med eiga niste.
(Vi førebur ny utstilling i galleriet, så det heng ikkje oppe fullstendig utstilling i dette tidsrommet)