Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
Siri Aurdal, Intervju, 1968-2018.

INTERVJU - Siri Aurdal + Ludvig Eikaas

Tidspunkt til
Stad Eikaasgalleriet

Dette er eit møte mellom to særs ulike, men sterke norske kunstnarskap. Når vi ser nærare etter, har dei likevel ein del til felles. Dei hadde òg ein familiær relasjon. Siri Aurdal (1937) er dotter av tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908-2000). I 1949, då Siri var 12 år, gifta mora seg med Ludvig Eikaas (1920-2010). Aurdal er dermed Eikaas si stedotter. Siri og Ludvig har òg portrettert kvarandre. Siri med ei byste i bronse i 1965 som du finn i samlinga til Stavanger Kunstmuseum. Ludvig med tresnitta Rock`n & roll frå ant. 1957 og Siri frå 1960, som du finn her i Eikaassamlinga.

Henning A. Hellebust, Musea i Sogn og Fjordane

Både Aurdal og Eikaas har eksperimentert med maleri og grafikk, men begge har òg hatt eit leikent og utforskande forhold til ei rekke ulike «nye» typar material og innovative teknikkar sidan 1960-talet. Dei braut med dåtidas konvensjonar om kva kunst skulle være når dei nytta «lågverdige» material som pleksiglas, glasfiber, plast, polyester, stål, aluminium og sement. Ein skal ikkje sjå vekk i frå at Siri var ei inspirasjonskjelde for den 17 år eldre stefaren. Bruken av fargane raudt, rosa og grønt finn vi òg att hos begge.

Henning A. Hellebust, Musea i Sogn og Fjordane

I denne utstillinga har begge med kvart sitt verk kalla Intervju, men med ulik tolking av tittelen. Eikaas sitt verk er eit tekstbilete som kan tolkast som eit skriftleg sjølvportrett. Det er ein slags utvida versjon av det kjende tekstbiletet hans Jeg. Eikaas byrja å bruke tekstfragment som eit eige formalt biletspråk på 1960-talet. I ettertid kan vi sjå at han var ein tidleg eksponent for konseptuelle arbeidsmetodar. I Aurdal sitt svevande verk i pleksiglas, er publikum tenkt inn som ein del av verket. Intensjonen er at publikum skal kunne samhandle med det og sjå kvarandre gjennom det («Interview» = å sjå igjennom). Det å skape ei slik form for tilgjengeleg, «utåtvend» og sosial kunst som Intervju, var helt i tråd med internasjonale tendensar i både feministisk kunst, og annan politisk engasjert kunst på den tida.

Siri Aurdals verk Intervju var det siste og største verket som vart kjøpt inn med dei ekstraordinære midlane Musea i Sogn og Fjordane fekk tildelt til innkjøp av kunst under pandemien.

Kuratorar: Solveig Berg Lofnes og Martine Due Sivertsen
Montering: Ole Langvik Hansen, Solveig Berg Lofnes
Tekst: Martine Due Sivertsen, Solveig Berg Lofnes og Ingrid Norum
Grafisk design: Henriette Bekjorden Hukset

Dette er ei samlingsutstilling som vil stå i to sesongar; 2023 og 2024

Verksfoto: Siri Aurdal, Intervju, 1968-2018, støypt og farga plexiglas

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. januar — 31. mai
Vinterstengt. Omvising/ope etter avtale. Kjem info om evt arrangemang,verkstad, opne enkeltdagar.
Ta kontakt med museumsleiar Solveig Berg Lofnes på +47 99 20 26 76 / +47 47 47 22 36 for å tinge omvising

Prisar

  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Student/honnør: 90 kr
  • Vaksen: 120 kr
  • Gruppe (15+ personar*): 100 kr

Her er vi

Eikaasgalleriet
Jølstravegen 1677
6847 Vassenden