Ei sommarkveld. Levande musikk heilt tett på. Og ei stemme som fyller rommet med latter, lengt og store kjensler.
Sommaren 2026 kjem OperaKysten igjen på turné – og tek med seg noko av det vakraste operaverda har å by på til små stader langs kysten vår. Med sopran Nora Oleanne Sårheim i spissen inviterer vi til varme, nære og overraskande operaopplevingar på nynorsk – laga for både erfarne operavener og deg som aldri har sett foten i eit operahus.
Gløym tanken om stive salar og fjerne scenekantar. Dette er opera slik du sjeldan opplever han: tett på, levande og personleg. Kjende melodiar, sterke historier og musikk som treff rett i hjartet – framført med humor, varme og nærleik. Alt på nynorsk.
I ti år har OperaKysten reist dit dei store kulturinstitusjonane sjeldan kjem. Fordi store kunstopplevingar ikkje berre høyrer heime i storbyane.
Ta med ein ven, ein nabo eller nokon som «ikkje likar opera». Det er ofte dei som går heim mest begeistra.
*Vi sel kaffi og kaker før og etter sjølve konserten.