Vågsberget
To hus. Hushjørne på raudt stabbur og inngangsdør på kvit bolighus. Rododenoron med rosa blomar til høgre i bildet.

About the museum (in Norwegian)

Besøk Vågsberget handels- og gjestgjevarstad

Ein godt bevart handels- og gjestgjevarstad som fortel historia om enorme rikdommar, stor naud og ein god handel.

Vågsberget er ein landets best bevarte handels- og gjestgjevarstadar. Plassen har røter heilt tilbake til 1600-talet og ligg flott plassert, vendt mot sjøen, med 7 freda bygningar. Dei fleste av bygga vart reist tidleg på 1800-talet. Våningshuset og krambua er open for publikum med omvising. I tillegg består Vågsberget av eit stabbur, eit sjøhus og ei drengestove der det var sengeplass til overnattingsgjestane. I den gamle driftsbygningen har vi innreidd med moderne kjøkken, eit koseleg kafélokale, resepsjon og museumsbutikk.

Opent i sommarsesongen

I sommarsesongen held vi opent frå medio juni til medio august. I denne perioden tilbyr vi omvisingar gjennom det flotte våningshuset med ærverdige møbler, ornamenterte utskjeringar og flott tapet. Vidare går omvisinga til den innhaldsrike krambua som tilbaud nødvendige varer til lokale fiskarar og bønder.

I kaféen kan du kjenne historia i veggane på den gamle driftsbygningen. Her tilbyr vi enkel servering og ein liten, men innhaldsrik museumsbutikk.

Handels og gjestgjevarstaden er omkransa med eit parkområde, lett tilgjengeleg frå både sjø og land. Den grunne fjæra som var så praktisk dei gamle båttypane, innbyr i dag til leik og oppdagingar for små nysgjerrige utforskarar.  

Resten av året

Utanom sesongen er det populært å leige Vågsberget til fest og merkedagar. Med eit moderne kjøkken, stemningsfulle lokale og eit nydeleg uteområde, er dette ei flott ramme for feiringa di.   

Det er mogleg å få omvising på Vågsberget utanom sommarsesongen etter avtale.