Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Portrett av Hans Gjesme, gamal mann med strikkegensar og tjukke briller.

Om Hans Gjesme

Kunstnaren frå Lærdal

Lærdal sin eigen store målar Hans Gjesme (1904-1994) donerte rett før han døydde i 1994 ei omfangsrik samling kunstverk til kommunen. Slik kom det i stand at bygda fekk sitt eige kunstsenter.

Utsyn frå Uppigarden på Voll i Lærdal mot Hynjahovden.
Hans Gjesme, utsyn frå Uppigarden på Voll i Lærdal mot Hynjahovden, 1917, blyant på papir i heimelaga skissebok då Gjesme var 13 år gamal. (Foto: Sogn og Fjordane Kunstmuseum, CC-BY-2.0)

Hans Gjesme hadde tidleg interesse for teikning, og skulebøkene hans var fulle av skisser frå eventyr, verdshistoria og Bibelen. Allereie som 16-åring reiste han til Kristiania for å gå i lære hjå Pola Gauguin, som var svært nøgd med eleven sin innsats og raske framgang. I 1925 reiste Gjesme på studietur til Paris, der han gjekk mykje i Louvre og var litt elev hjå André Lhote. Vinteren 1928-1929 fekk han rettleiing av Axel Revold som var professor ved Statens kunstakademi i eit forsøk på å finne sin eigen målarstil.

Ein ung mann i dress sit på ei sprinkelseng med gult teppe.
Hans Gjesme, portrett av den svenske diktaren og biletkunstnaren Börje Veslén som budde på same hotell som Gjesme i Paris, våren 1925, pastell på papir. (Foto: Jens Hauge, CC-BY-2.0)

I 1926 debuterte Gjesme på Vestlandsutstillingen og fekk god kritikk i Bergens Tidende. Seinare vart det meir blanda kritikk, men trass i det heldt Gjesme fram med å ha årlege utstillingar, både separat og kollektivt. I 1932 vart han antatt til Høstutstillingen. Han arbeidde i ein naturalistisk stil, med landskap og folk i Lærdal som hovudmotiv. Han var òg ein dyktig teiknar og laga mange karakteristiske portrett av familie og vener. Dei spesielle landskapa i Lærdal med bratte fjellsider tett innpå bygda, skildra han under ulike lysforhold og til ulike årstider. Gjesme prøvde seg òg på modellering i gips og søkte monumentale utsmykkingsoppdrag, utan hell.

Lærdal mot Hynjahovden.
Hans Gjesme, utsyn frå Voll austover mot Hynjahovden, ant. 1920-tal, olje på lerret, GJS-86. (Foto: Jens Hauge, CC-BY-2.0)

Gjesme hadde psykiske problem og vart lagt inn på Gaustad sykehus i Oslo i 1955. Under opphaldet brukte han badet på 3-mannsrommet som atelier. Ikkje før i 1971 fekk han flytte heim att til Lærdal. På sine eldre dagar opplevde han omsider at arbeida hans vart verdsett. Han fekk stadig besøk av kunstnarkollegaer, journalistar og kunsthistorikarar som ville sjå på samlinga hans. I 1977 opna Gjesme si største utstilling på Kunstnernes Hus i Oslo. I det høve skreiv kunstkritikar Arne Durban mellom anna: "…sent, men godt er Hans Gjesme kommet til hovudstadens kunstmiljø".

Blyantskisse av bygningane på Gaustad.
Hans Gjesme, skisse frå Gaustad, 1960, blyant på papir, skissebok utan nr. (Foto: Sogn og Fjordane Kunstmuseum, CC-BY-2.0)

Fotografiet av Hans Gjesme på hans eldre dagar er teke av Jens Hauge.

Skrive av

Ingrid Norum, seniorrådgjevar/ konservator NMF, SFKM