Astruptunet Astruptunet
astruptunet/gardshagen-nikolai-astrup.jpg.

Arbeid i

Gardshagen

I gardshagen til Engel og Nikolai Astrup fanst opphavleg eit stort spekter av ulike planter. Nokre var etande, nokre var giftige, nokre var vekstar frå folkemedisinen og nokre var til pryd. Nikolai hadde god kunnskap om eigenskapane og utsjånaden til dei ulike plantene. I kunstverka hans frå Sandalstrand finn vi igjen sjølvkomponerte og særprega samplantingar.

Eit Astrupbilde som snyner hagen, epletre i bloming og unger med blomsterbukettar.
Nikolai Astrup, "Heimen", etter 1918, lje på strie, AT-0193. Foto: Dag Fosse.

Sommaren 2021 byrja restaureringa av gardshage på Astruptunet. I samband med dette vil vi utføre registrerings- og planleggingsarbeid, som kan føre til at grasareal og bed ikkje framstår som velstelte. Arbeidet vil halde fram til 2023. Da vil heile gardsanlegget, både bygningar og gardshage, vere tilbakeført til slik det var i perioden mellom 1928 og 1965.

astruptunet/astruptunet,-thomas-bickhardt-bickfoto-(43).jpg.
Nyplanta epletre i gardshagen. Foto: Thomas Bickhart/Bickfoto, 2021.

Illustrasjon: Nikolai Astrup, "Rabarbra og småpike på Sandalstrand", utan år. Foto: SFKM.