Astruptunet Astruptunet
Engel og Nikolai Astrup i Astruptunet ca. 1925.

Om Astruptunet

Historie

Astruptunet

Sandalstrand, som i dag er best kjent som Astruptunet, var Nikolai Astrups heim i 15 år. Kunstnaren kjøpte den gamle husmannsplassen i september 1912 for å bruke eigedomen som utmark, men etter ei konflikt med grunneigaren på Myklebust, der Astrup og familien hadde budd sidan 1911, flytte han til Sandalstrand i januar 1913. 

I 1912 var garden, som låg i ein hengande bratt bakke, i ei syrgjeleg fatning. Det fantes ikkje tilkomstveg, husa var falleferdige, og det gjekk ofte små ras nedover dei bratte bakkane. Astrup valde likevel å satse på plassen som ein framtidig heim for seg og den vaksande familien. Dei komande åra bygde han veg, ny løe, fleire nye hus og atelier, og han byrja å dyrke hagen. Den bratte bakken vart anlagt i torvgardar, som Astrup kalla for grøne veggar, og på dei vaks planteskular, grønsaker, bærbuskar, frukttre og rabarbra. Rabarbraen kalla han for «nordens drue», og i bygda var han særleg kjent for rabarbravinen som han brygga. I tillegg til å dyrke nytteplantar, utforska han òg planterikdomen med kryssing og poting. Kringom i hagen stod det både fletta bjørker og styva tre som likna trolske figurar. Men i følgje han sjølv var all denne eksperimenteringa ei «last».

Astrup skapte seg ein eventyrleg plass, og på 1920–talet byrja han å sjå seg nøgd med sine "hænders gjærninger". Då kunstnaren Ludvig Ravensberg og forfattaren Hans E. Kinck vitja Sandalstrand i 1922, vart dei ståande i rein undring:

Astrup, denne merkelige mand har beåndet alt på dette sted, bygget husene, befruktet og krysset plantene, opbygget tørvoldene, kjempet mot den barske natur, bygget stengrotter og avsatser. Her driver han avvekslende som snekker, gårdbruker, natur- og kulturmenneske. Kinck og jeg går i en eneste forundring. (Ravensberg, 12.07.1922). 

På 1920–talet vart den nye heimen på Sandalstrand dessutan eit sentralt motiv i kunsten hans. Gjennom 24 maleri (5 stillebensinteriør og 19 landskapsmaleri), samt to tresnittmotiv i ulike versjonar kan ein få eit panorama av Astrups kanskje mest omfattande kunstverk – Astruptunet. 

Samlinga

Engel Astrup, Astrups kone, budde på Sandalstrand heilt fram til året ho døydde, 1966. Året før selde ho anlegget til Jølster kommune, og i avtalen frå 1965 fylgde alt av lausøyre og kunstverk som var tilhøyrande Astruptunet salet til den nye eigaren. Kommunen forplikta seg dessutan til "å halda ved like Astruptunet – eigedom, hus og alt som avtalen gjeld", med særleg vekt på at innreiinga av husa skulle vere slik som då Nikolai Astrup levde – "så langt det er ynskjeleg". Sjølv hadde Engel Astrup drive tunet nærast som eit museum sidan 1930–talet. På 1930-talet fekk ho blant anna sett inn ei publikumstrapp til atelieret under ombygginga av hovudhuset. 

Kjøpsbuet inkluderte dessutan den unike samlinga av Astrups trykkeplater. Sidan museet vart offisielt opna i 1986, har Astruptunet teke i mot fleire sjenerøse gåver og deponi frå Astrup-familien, Gjensidige, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjordlaget i Bergen og fleire private eigarar. I 1991 vart 51 verk frå den tidlegare Reksten-samlinga kjøpt via fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, blant anna Juninatt kl. 3, som er ei blanding av teknikkane maleri og tresnitt. I tillegg til dette har museet fleire tekstilarbeid, blant anna to faner som er måla av Nikolai Astrup og åtte vevnadar etter kunstnarens design. Samlinga huser òg trykkeutstyret og eit utval av Engel Astrups tekstilkunst – eit arbeid som vitnar om ei nyskaping av den tradisjonelle treskurden

Skrive av

Tove Kårstad Haugsbø, førstekonservator
Nikolai Astrup forskningssenter for kunst og landskap ved KODE Bergen.