Astruptunet Astruptunet
Maleri med hage.

Smakfulle hagar på Sandalsstrand

Tidspunkt -
Stad Astruptunet

Jølster litterære folkeakademi inviterer til eit hagenyttig arrangement med påfyll.

I kafeen i Astruptunet fortel influensar og forfattar Dennis Asbjørnsen om si eiga dyrke-historie og gir oss metoder og tips til korleis vi kan dyrke enkelt, billig og berekraftig i hagen vår.
Til dagleg når Dennis ut til 115 000 menneske på sosiale medier. Hans oppdrag er å få heile Noreg med å dyrke sin eigen mat! I dag arbeidar Dennis som foredragshaldar og kursinstruktør – både for bibliotek, skular, bedrifter, gartneri, hageselskap, kommune og stat.

Olin Steinsvik, museumspedagog ved Astruptunet og Eikaasgalleriet, fortel om nyttehagen på Astrup si tid og arbeidet med hagen no.

Mogeleg å kjøpe kaffe/te med noko attåt.

Arrangør: Jølster litterære folkeakademi

Billettar

Billettar kan kjøpast i døra: kr 200 (kr 150 for medlemmer i Jølster litterære folkeakademi)