Astruptunet Astruptunet
foto med epletre og tun i bakgrunnen.

Sommarvandring i Astruptunet 02. juli

Tidspunkt -
Stad Astruptunet

Sommarvandring i juli

Kvar onsdag i juli kan du bli med på ei sommarvandring gjennom hagen i Astruptunet. Nikolai og Engel Astrup sin unike heim og arbeidsplass ved Jølstravatnet. Her får du høyre historia om korleis dei forvandla ein bratt og ugjestmild husmannsplass til eit levande kunstverk i landskapet.

Omvisinga tek deg med gjennom tunet og hagen, der vi fortel om Nikolai si planteglede, kunstnarlege prosjekt og livet på staden, og om Engel Astrup si viktige rolle som drivkraft i arbeidet med å ta vare på og utvikle staden etter mannen sin død. Tunet og hagen har gjennomgått større endringar dei siste åra, med ei tilbakeføring til Nikolai og Engel si tid. Vandringa gir innblikk i den omfattande restaureringa tunet har vore gjennom.

Praktisk informasjon:

📅 Omvisinga varer ca. 90 min, med tid til å sjå seg rundt i galleriet og husa mot slutten for dei som ynskjer det.

📍 Oppmøte i kafeén før start.

🎟️ Eigne billettar for sommarvandring. Billettar til ordinær omvising gjeld ikkje.

👟 Kle deg etter veret, vi held oss hovudsakleg ute.

Sommarvandring i juli er eiga omvising med fokus på uteområda i Astruptunet, og gjennomførast kvar onsdag i juli. Våre ordinære omvisingar i tunet og huset er tilgjengeleg gjennom heile dagen i sommarsesongen.

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett til sommarvandring

Opningstider

16. juni — 30. juni
Alle dagar kl.11.00 - 16.00, onsdag kl.11.00 - 19.00.

Prisar

  • Galleri, vaksen: 130,-
  • Galleri, student/honnør: 100,-
  • Galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen***: 150,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden