Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Eikaasgalleriet

Om Eikaasgalleriet

Historie

Tidleg på 1990-talet donerte Ludvig Eikaas nokre hundre verk til Jølster kommune. Det gamle meieriet på Ålhus vart bygd om til eit moderne kunstgalleri, etter teikningar av arkitekt Arild Waage, for å huse denne kunstsamlinga. Eikaasgalleriet sto klart for publikum i 1994.

I 2004 vart Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum oppretta. Den hadde ansvar for drifta av Anders Svor Museum (ASM), Astruptunet (AT), Eikaasgalleriet (EG), Gjesmegalleriet (GJS), SFKM og ei vidareføring av kunstnarsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane. 

I 2009 vart Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF). I dag utgjer difor Eikaasgalleriet ein arena i Avdeling kunst i MISF.

eikaasgalleriet/Eikaasgalleriet-fasade--Foto_Espen_Mills.jpg
Eikaasgalleriet opna i 1994. Arkitekt Arild Waage teikna det gamle meieriet om til kunstgalleri. (Foto: Espen Mills, CC-BY-2.0)