Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
eikaasgalleriet/Eikaasgalleriet-Jeg_Foto_Thomas_Bickhardt.jpg.

Om museumstilbodet

I det moderne galleriet ved Jølstravatnet/E39, finn du kunst av den nyskapande Ludvig Eikaas og andre kunstnarar. Varme vaflar kan du nyte inne og ute, med kort veg til bading og fiske.

På Eikaasgalleriet kan du sjå store deler av kunsten Ludvig Eikaas (1920-2010) skapte – som elles er å finne i København, New York, Paris, Firenze og kunstmuseum i Noreg. Jølstringen Eikaas vert rekna som ein av etterkrigstida sine mest markante biletkunstnarar. Han var ein pionér innanfor modernismen i Noreg frå slutten av 1940-talet.

I modernismen var det ikkje lenger eit mål for biletkunstnarane å skildre røynda i detalj. No var det viktig å heller utforske inntrykk, form, farge, komposisjon og overflate. 

Foto: Henning A. Hellebust

Du vil fort oppdage at grafikaren, målaren, teiknaren og skulptørenEikaas var ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Han var mellom anna blant dei første som tok i bruk hardplast i skulptur. På Eikaasgalleriet kan du oppleve skiftande utstillingar med samlinga på over 850 verk. Eikaas er særleg kjend for tresnitta sine og var ein av få kunstnarar etter krigen som arbeidde mykje med portrett. Ein tredjedel av samlinga er difor portrett. Av desse er nesten 70 sjølvportrett! Over 100 er portrett av menneske som har prega kultur- og samfunnslivet i Noreg frå 1950- fram til 1990-talet. Sjansen er stor for at du vil møte eit av desse og kanskje vil du verte overraska og humre litt over korleis han skildra folk.

Frå 1970-talet var Eikaas først professor og så rektor ved Statens kunstakademi i Oslo. Han var gift med den anerkjende tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908-2000) frå 1949. Som 80-åring vart han utnemnd til riddar av 1. klasse, St Olavs Orden, for kunsten han laga og formidlingsevna si.

Du finn Eikaasgalleriet ved Jølstravatnet langs E39, med eiga badestrand og tilgjenge for rullestolbrukarar. I butikken kan du handle grafikk, kort, t-skjorter, bøker og anna. På terrassen kan du nyte enkel servering frå kaféen.

Toppbildet: Ludvig Eikaas sitt berømte sjølvportrett "Jeg" og to portrett av kona, vevaren Synnøve Anker Aurdal. (Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto, CC-BY-2.0)

eikaasgalleriet/Eikaasgalleriet-Uteomrade--Foto_Thomas_Bickhardt.jpg.
Vår frodige kaféterrasse. (Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto, CC-BY-2.0)