Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
Verksfoto av fotoverket Gaular av Oddleiv Apneseth. I midten av bildet står en mann, som ser opp mot høyre. I hånda hans har han en trehvit el-gitar.  Til venstre i bildet, stående på bakken, er et trommesett. Bakgrunnen er storslått, med fjord og fjell. Himmelen viser stormskyer som kommer innover, men det er lysglimt ned i dalen.

Frå Jølster til Sunnfjord: Ludvig Eikaas og Oddleiv Apneseth

Tidspunkt til
Stad Eikaasgalleriet

Om utstillinga

Der Ludvig Eikaas (1920–2010) var ein maksimalist, er Oddleiv Apneseth (1955-) ein nøktern realist. Eikaas kjente ingen grenser i sin bruk av material. Plast, isopor, bronse, måleri, postkort og trykk var alle etter hans hovud verdige ei kunstnarleg handsaming. Apneseth held seg til fotografiet, men eksperimenterer mellom anna med format, lys og komposisjon. Fotografia strekk seg frå det iscenesette til spontan dokumentasjon. Dei to har likevel fleire møtepunkt i skildringa deira av Jølster og nærområda sine.

I denne utstillinga presenterer Oddleiv Apneseth fire nye verk frå storkommunen Sunnfjord. Samanslåinga av dei gamle kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Gaular skjedde 1. januar 2020. Der prosjektet Jølster 2008 tok for seg folkesetnaden i ein kommune, skildrar dei nye bileta nokre av innbyggjarane i dei fire gamle kommunane. Eikaas sine mangfaldige verk og Apneseth sitt prosjekt Jølster 2008 skaper eit rikt bakteppe for desse tidsbileta frå notida.

Kuratorar:

Solveig B. Lofnes, Ingrid Norum, Mayra Henríquez, Kathrine Skarsholt

Formidling:

Solveig B. Lofnes, Ingrid Norum, Kathrine Skarsholt