Anders Viken (1898-1977) var meisterspelemann og komponist frå Jølster. Kvar kom skaparkrafta frå? Korleis klarde han å kombinere familieliv og lærargjerning med eit så rikt og nyfike kunstnarskap?
Kunstnaren Ludvig Eikaas laga fleire portrett av Anders Viken. I utstillinga Frå Jølster til Sunnfjord syner vi eit knippe portrett og kunst av Eikaas og samtidsportrett av jølstringar av Oddleiv Apneseth.

Velkomen til eit møte mellom jølstringar, nyskrivne skjønnlitterære tekstar, Viken-forteljingar og -slåttar. Forfattar Arne Henning Årskaug har skreve om den velkjende Viken som musikar og kunstnar. Musikarane Arne M. Sølvberg og Øyvind Lyslo har forma dei slående forteljingane og slåttane til Viken.
Buss frå Førdehuset kl. 12.00, og retur frå Eikaasgalleriet kl. 14.15 er inkludert i billetten.
Utøvarar:
Arne M. Sølvberg, fele
Øyvind Lyslo, gitar
Arne Henning Årskaug, forfattar
Framsyninga er støtta av:
Rom for ord
Kulturrådet