Velkommen til ei utstillingsopning forankra i vevtradisjon, mønster, åkle og kvinneleg gründerskap!
Tekstil har vore ein del av vår kultur, både som eit praktisk materiale og som ei kunstform. Fargar, mønster og teksturar fortel ei historie, men uttrykkjer også identitet og kreativitet. I utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst.
Kvinner vi møter i utstillinga som har vore med på sette sit preg er:
Magnhild Hegheim, Norun Øvrebø, Anne Lise V. Øvrebø, Andrea Sandnes, Ragna Hamar, Helga Hamar, Olina Fossheim, Sigrun Berg, Engel Astrup og Audhild Viken.
Til å fortelje nokre av desse historiene, stig vi inn i stover som tek med seg gamal tradisjon inn i nyare tider. Langsmed føl vi Ludvig Eikaas sine observasjonar og komposisjonar.
Program for kvelden:
18.00 Døra opnar og velkomstdrikke.
Velkomst ved museumsleiar Solveig Berg Lofnes.
Offisiell opning ved ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling. Takkeord frå avdelingsdirektør kunst Tor Martin Leknes. Musikkinnslag ved Synnøve S. Bjørset.
Etter dette vert det høve til å sjå seg om i utstillinga.
21.00 Vel heim
Gratis inngang // Velkomen til utstillingsopning!