Av dei 100 000 besøkande som var innom festivalen i løpet av helga gjekk over 2000 om bord på Haugefisk for å lære om autolinefiske. Kaféen under shelterdekk var også godt besøkt, og sild og potet, kaffi og sveler gjekk unna.
Om bord viste Haugefisk videomateriale frå tida båten var i drift, som viste blant anna mannskap i arbeid, maskineri og agning av line. For besøkande i alle aldrar fekk Haugefisk formidle breidda i den bevegelige kulturarven, gjennom historisk køyretøyparade og båtturar på fjorden.
Vi gler oss allereie til Fjordsteam 2026!
Fjordsteam er den største arenaen for tekniske kulturminne i landet. Fartøyvern utgjorde i 2022 den største andelen med heile 65 påmeldte fartøy. Fly, køyretøy, damptog og trikk er også godt representert.
Festivalen har blitt arrangert i Florø (2010, 2015), Stavanger (2012) og Bergen (2013, 2018, 2022). MS Haugefisk har deltatt heilt frå start.
Neste Fjordsteam blir i Bergen 6. - 9. august 2026.
Under arrangementet kan publikum møte representantar for tradisjonar innan båtbygging, fiske og fangst. Startskotet for arrangementet er ein storstilt opningsparade, og gjennom helga kan publikum oppleve mellom anna turar med rutefartøy, konsertar frå scene og fyrverkeri.