Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Båten Haugefisk på sjøen - overskya himmel og stille sjø.
Publisert 23/06/2022
Av Stina Celine Gjerdingen

På bøljan blå med MS Haugefisk

Styret i Musea i Sogn og Fjordane var samla i Kalvåg til styreseminar 14. og 15. juni. På agendaen stod tur med MS Haugefisk!

Haugefisk venner gav styret ei orientering om båten og planlagte turar for sommaren. Turen gjekk innaskjærs til Smørhavn med ein sving om øyene rundt Kalvåg.

Haugefisk sett frå kaia - ein person står på dekk.
Haugefisk sett frå kaia. Foto: Hilde Wiik

MS Haugefisk er eit autoline fiskefartøy frå 1978, og er eit av dei yngste verna fartøya i Noreg. Kystmuseet i Sogn og Fjordane overtok eigarskap i 2005, og formidlar i samarbeid med Haugefisk venner kystkultur og moderne fiskerihistorie.

To bilete frå båten Haugefiske som syner passasjerar ombord på båten.
Styremedlemmar på Haugefisk. Foto: Hilde Wiik