Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/kystdagen-2023-msf-02856.jpg.

Barnas Kystmuseum - Aktivitetsdagar

Tidspunkt til

Familiedagar på Kystmuseet gjennom sommaren!

Kvar tysdag i juli vert det flotte familiearrangement på Kystmuseet med fokus på dei minste! Aktivitetane er kjekke å gjere i lag med heile familien, og i kafeen finn du ulike bakverk og is. Aktivitetane vert tilgjengelege heile dagane frå kl. 11-17. Alt ligg til rette for fine sommardagar på Kystmuseet!

Inngang:

Vaksen: 140,-

Honnør: 110,-

Barn (0-18 år): Gratis

*Hugs at du med årskort kjem inn gratis på alle arrangementa!

Aktivitetsdagar i juli:

7.juli: Piratfest!

Leit fram ditt beste piratkostyme å bli med på fest! Her kan du prøve deg på kodejakt gjennom museet, lage ditt eige sjørøverflagg – eller kanskje din eigen papegøyekamerat?!

14.juli: Båtbyggarverkstad

Ingen «Barnas kystmuseum» utan ein båtbyggarverkstad. Kom til oss og bygg deg di eiga jekt med mast og segl!

21.juli: Tauverk

Tauverk i ulike former har vore livsviktig for kystsamfunna! Denne tysdagen kan du lage ulike produkt av tau som ein trengte tidligare.

28.juli: Aktivitetar på Nilsenslippen

Her kan du boltre deg i ulike leikar ute på Nilsenslippen. Du kan teste ut både børtre og stylter, og kanskje du finn noko spennande liv i fjæra? Nokre gonger rotar smeden felt, kanskje du kan hjelpe han å finne att alle hammarane?