Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/forjulssondag-pa-kystmuseet-2023_msf_02583_24809836.jpg.

Familiesøndag

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Velkomen til hyggelig familiesøndag på Kystmuseet.

Denne søndagen blir det fleire spennande påskeverkstader der du kan lage din eigen påskepynt. Lag eit påsketre med fargerik pynt eller ein pipereinsar kylling. Det blir også moglegheit for å lage påskepynt med nålefilting. Her kan du nålefilte deg ei høne, hare, egg eller kylling. Førebu deg til påska med sjølvlaga påskepynt.

Det blir også ein påskeegg rebus. Sjå om du finn alle egga som er gøymt rundt omkring på museet. Kva har påskeharen lagt i dei? Skriv ned kva dykk finn inni dei og løys påskekryssordet.

Innimellom påskeegg rebus og påskeverkstader kan det vera godt med ein lita kvilepause. I kafeen kan du kose deg med god drikke og heimebakt kake.

kystmuseet/kafetilbod-kystmuseet_msf_02978_25617527.jpg.

Billettpriser:
Barn 0 - 17 år er gratis.
Voksne: 130,-
Honnør/student: 100,-

Velkomen!