I utstillinga Havet sine skjulte skattar tek historikar og fotograf Atle Ove Martinussen deg med under havet. Gjennom makrobilete av småkryp, vinkelbilete av undervasslandskap, fjellformasjonar og fisk blir du kjent med verda under vatn. Målet er å gjera skattane i havet, og den stille og ukjente verda tilgjengelig for folk flest.
Ulike motiv og gamalt handverk
I utstillinga finn du eit breidt utval av Atle Ove Martinussen sine fotografi. Desse er trykt på ulike materialar som hard skumplate, aluminium, akrylglas, lerret og nokre på handlaga kinesisk bambuspapir. Bambuspapiret er laga med same teknikkar som for 2000 år sidan. Desse bilda trykt på bambuspapir finst berre i eit eksemplar som du ser i utstillinga.
Dokumentasjon og historisk filmproduksjon
Som historikar er Martinussen opptatt av vår felles kulturarv, og særlig den som er skjult under vatn. Han har arbeidd med mariarkeologar i Noreg og andre land, og har hatt ansvar for dokumentasjon i samband med marinarkeologiske undersøkingar. Fleire av filmopptaka er vist på NRK og eit opptak frå ei kvernsteinslast er brukt i den tyskfranske filmproduksjonen Frauen der Wikinger/ Vikingkvinnene som vart lansert i Tyskland og Frankriket hausten 2014.
30 års internasjonal erfaring
Atle Ove Martinussen har drive med dokumentasjonsfotografering og video i over 30 år. Sidan 2003 han også drive med foto og video under vatn både i Norge og andre land, t. d. Japan (Okinawa), Indonesia, Filippinene, Nicaragua, Maldivene, Malta, Kreta, Polen, Island, Sverige og Egypt. Han har skrive fleire artiklar om opplevingane i djupet både i norske og utanlandske dykkemagasin både på papir og på nett
Som fotograf er Martinussen særleg opptatt av lys, diagonalar, linjer, fargar og komposisjonar og bruker mykje tid på å finna spennande motiv under vatnet. Han har hatt ti separatutstillingar tidlegare i galleri og museum, og vore representert på vår- og sommarutstilling ved Galleri Bekkjarvik i Austevoll. Han er kjøpt opp av fleire museum, som Museum Vest og Norsk Maritimt museum. På Norsk Maritimt museum er to undervassfilmar med stortare og berggylte vist i den faste utstillinga Oppdag havet og det er brukt bilder av Martinussen i Båthallen. Han er også kjøpt opp av private firma.
Vil du sjå eller lese meir om Atle Ove Martinussen og arbeidet hans?
På NRK Hordaland kan du lese og og høyre om ei av dei fyrtse utstillingane til Martiussen
Sjå også dei ulike kanalane hans på internett: