Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
To personar ror ein gamal trebåt på fjorden.

Kystdagen!

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Den tradisjonsrike kystdagen

I år arrangerer vi den tradisjonsrike Kystdagen søndag 14. september! Her vert det aktivitetar for unge og dei ikkje fult så unge! Saman med dei flotte samarbeidspartnarane våre blir det ein innhaldsrik dag for heile familien!

Vi tek i bruk det store flotte museumsområdet vårt med spennande aktivitetar og matsal så hugs gode sko og godt humør!

Billett får du kjøpt ved hovudinngangen, ved Nilsenslippen eller digitalt ved å trykke på knappen nedanfor.

kystmuseet/varslipp_msf_03221_27137317.jpg.
Blir det fangst?

Dette skjer:

  • Møt sjøspeidarane framfor museet. Dei planlegg kjekke aktivitetar for store og små.

  • Båtbyggarverkstad mellom museumsbygga.

  • Lag ditt eige hoppetau med Florø Husflidlag mellom museumbygga.

  • Hald naturen rein med Fjordane friluftsråd. Her kan vi love båttur og landgang på ellers utilgjengelige holmar og skjær! Møt opp ved hovudinngangen.

  • Ro ro ro din båt. Har du eigentlig rodd ein ekte trebåt? Det kan du få prøve på Kystdagen med stødig oppfølging med Flora turlag. Møt opp på brygga mellom musea.

  • Kafé med rømmegraut, pølser i brød, sveler og anna godt inne i museet.

kystmuseet/img_5328.jpeg.
Båtbyggarverkstad og hoppetauverkstad på brygga mellom museumsbygga i 2024.

På Brendøya

  • Hels på dei sjarmerande dyra til Soldalen Besøksgård - og kanskje ta deg ein ridetur om du får lyst.

  • Leikar frå gamledagar (og nokre nyvinningar)!

kystmuseet/bcf94b0a-a261-4f06-8f13-d174f603b904.jpg.
Opplevingar for livet med Soldalen besøksgård!

På Nilsenslippen

  • Krabbestasjon. Her kan du lære deg å reinske (og nyte) krabber med stødig opplæring frå røynde krabbereinskarar.

  • Leik i fjæra med bøtter og håv.

  • Det vert sjølvsagt omvising der vi sveiver i gang maskinene.

  • Kafé med kaffi, sveler og anna munngodt.

kystmuseet/varslipp-pa-nilsenslippen_msf_03224_27137376.jpg.
Vi garanterer sveler, kaffi og godt humør frå gjengen på Kystmuseet!
kystmuseet/img_5333.jpeg.
Opplæring av nye krabbereinskarar!