Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/lucia-kaia-engel-avstand-ksf.jpg.

Luciafeiring på Kystmuseet

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kom og feir Lucia med oss den 13. desember. Vi tenkjer ofte på Luciadagen som ein ljosets dag, men ifølge folketrua var dette også den farlegaste natta i året. Ein lang mørk natt der mørke krefter som Åsgårsreia og demonen Lussi var ute på farten. Luciadagen er slik sett ein rik og magisk dag, der spenninga mellom ljos og mørke kjem ekstra godt fram.

Og sjølvsagt må ein på denne dagen sette tenna i saftige Lussekattar, så dette tradisjonelle bakverket vil det vera mogleg å kose seg med i kafeen denne dagen. Det blir Lucia verkstad der man kan lage seg ein stjernegut hatt eller ein ternekrone av glitterband. Deretter kan man vise fram det fine man har laga i Luciatoget i Båthallen. Kanskje kjem det nokre songfuglar frå Fryd og stemmer i med Luciasongen?

Velkomen til ein magisk Luciafeiring på Kystmuseet!

kystmuseet/20251029_145959.jpg.

Det blir stemningsfullt Luciatog i Båthallen, så det er berre å øve på Luciasongen framfor spegelen.