Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/michael-sars-gate-og-hans-blom-gate.--1908.-eigar-kystmuseet.jpeg.

Michael Sars i Florø

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kveldsforedrag med Grethe Stavø og Annette Holme.
Michael Sars i Florø. Prestekall, havforsking og gatevandring.

I desse dagar kan du sjå kunstutstillinga «Nedsenka natur» på Kystmuseet. Kunstnaren, Christine Hansen, har latt seg inspirere av øya Kinn og forskinga som sokneprest Michael Sars gjorde medan han budde her. I den samanheng passar det perfekt å sjå nærmare på mannen Michael Sars og gata Michael Sars gate.

Kvelden er eit samarbeid mellom Grete Stavø frå Historielaget som tek oss med på ei innhaldsrik gatevandring, og Annette Holme frå Kystmuseet som ser nærare på Sars sitt liv og virke her i Florø.

Det blir mogleg å sjå seg rundt i kunstutstillinga, Nedsenka natur, og i kafeen serverer vi krydderkake og varm drikke. 

Billettprisar: Vaksne 120,-, Honnør 90,-

Velkomen!