Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Båthallen på Kystmuseet.

Museumssøndag

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Velkomen til årets første museumssøndag på Kystmuseet!

Søndag 26. februar inviterer Kystmuseet til årets første museumssøndag her på museet. Vi held denne dagen ope frå kl. 12-15. På programmet står det fleire aktivitetar som passar godt for alle aldersgrupper.

Det vert rebusløype rundt i museet - med premiering! Vi lagar nøkkelringar med ulike type fletteteknikkar. Her kan ein prøve seg på fleire teknikkar med ulik vanskegrad, så dette passar både vaksne og born. Nøkkelringen får du sjølvsagt ta med deg heim. Museet har også mange ulike spel, både brettspel og puslespel.

Kaféen og museumsbutikken er ope heile dagen. Her får ein kjøpt fastelavnsbollar. Vi har også kake, is, kaffi/te og eit lite utval kioskvarer.

Velkomen til oss!

Toppfoto: Båthallen på Kystmuseet. I rebusløypa får du utforske denne og resten av museet.

Billettprisar: alle born går gratis, for vaksne er inngangsbillett kr. 110,-. Du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen når du kjem.