Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Ein påskehare og ein påskekylling laga i papir.

Museumssøndag: påsketradisjonar

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Søndag 26.3. er det klart for ny familiesøndag på Kystmuseet, og denne gong står det påsketradisjonar på programmet!

Du har kanskje treft dorullnissen før, men kva med den mindre kjende dorullharen eller dorullkyllingen? Dei blir du betre kjend med denne søndagen. Ta med deg ei tom dorullhylse til Kystmuseet og bli med på påskeverkstad! Her viser vi deg korleis du kan lage påskekyllingar og påskeharar i ulike variantar. Både store og små kan få utfolde seg kreativt, og den ferdige påskepynten får du sjølvsagt med deg heim.

Kaféen serverer nysteikte vaflar og noko varmt å drikke heile dagen.

Velkomen til oss!

Billettprisar:
Vaksen: 110,-
Born under 18 år: gratis
Honnør/student: 80,-