Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/kystdagen_2023_msf_02865-(1).jpg.

Omvising på Nilsenslippen

Tidspunkt til
Stad Prestholmen på Kystmuseet

No kan vi starte maskinene på Nilsenslippen!

Her på Kystmuseet finn du du ein av få (kanskje den einaste) bevarte mekaniske båtslippen i museumsnorge. Med smie, treverkstad og mekanisk verkstad, kunne dei fikse det meste. Dei siste åra har vi lagt ned eit stort arbeid i å restaurere Nilsenslippen og få fart på maskinene att. I sommar tilbyr vi omvising etter avtale.

Under omvisinga får du lære meir om korleis Nilsenslippen vart drifta i perioden 1935-1987, kven eigarane var og ikkje minst; vi startar alle maskinene med hjelp av ein motor og 80 meter med drivreimer. Det er virkelig ei unik oppleving!

Praktisk:

Du må bestille omvising minst ein dag på førehand. Du kan bestille ved å ringe 98 26 98 54 eller sende epost til ksf@misf.no

Omvisinga kostar det same som ordinær museumsbillett.

Det er god tilkomst til bygget. Ein kan kjøre heilt fram til døra og vi har bygd opp ramper som gjer at alle kan oppleve Nilsenslippen.

kystmuseet/nilsenslippen_msf_02962_foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Øyvind Skarstein og Karl Johan Moldestad ser over maskinene før vi kan starte dei. Fotograf Henning A. Hellebust.
kystmuseet/varslipp_pa_nilsenslippen_msf_03225_foto_henning_a.__hellebust-(1).jpg.
Omvising blant maskinene i den mekaniske verkstaden. Fotograf Henning A. Hellebust.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

19. august — 20. desember
måndag: Stengt
tysdag-fredag: kl. 10:00-15:00
laurdag: Stengt
sundag: 12:00 - 15:00

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/student: 90 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Årskort*: 390 kr

Her er vi

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen 25B
6900 Florø