Bjørn Hegranes var ein anerkjend kunstnar som henta mykje av inspirasjonen sin frå reiser langs kysten vår. Kameraet hadde han alltid med seg, og gjennom åra bygde han og kona Svanhild opp ei rik og stemningsfull fotosamling.
På årets første OPE HUS inviterer vi til ei reise gjennom utvalde glimt frå denne samlinga – bilete som viser både kvardagsliv, landskap og augeblinkane som inspirerte kunstnaren.
I tillegg får vi besøk av dei frivillige frå Jotunets venner, som vil dele innsikt i kva dei arbeider med framover, og korleis dei vil bidra til å løfte fram og gjere arven etter Bjørn Hegranes endå meir tilgjengeleg.
Velkomen til årets første OPE HUS på Kystmuseet!
Gratis inngang
Open kafe