I 1890-åra herska ein cruisefeber blant den europeiske overklassen. Noreg hadde blitt kjent som "Midnattsolens land" og eit fjorten dagars cruise til Vestlandsfjordane og Nordkapp var på høgste mote. «Flytande hotell» vart raskt eit kallenamn på turistskipa som gjekk i rute frå England og Tyskland. Etter reisa var det mange turistar som gav ut reiseskildringar med detaljerte skildringar av alt dei hadde opplevd. I dette føredraget vil mange gode historiar frå livet om bord og stadane som vart vitja bli trekte fram.
Agnes Brudvik Engeset er seniorrådgjevar ved Fylkesarkivet i Vestland og arbeider på Leikanger. Ho har bakgrunn som kulturhistorikar og har lenge fordjupa seg i norsk distriktsreiseliv. Tidlegare har ho arbeidd som reiselivsforskar ved Vestlandsforsking i Sogndal.
Det blir høve til å kjøpe seg kaffi/te og noko godt i kafeen.
Gratis inngang
Open kafé