Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/uten-navn-(1920-x-1080-px)-(1)2.jpg.

OPE HUS: Sild og Song

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Denne torsdagen vert det tradisjonell kvardagskost og festmusikk på Kystmuseet!

Vi serverer sild og potet til levande musikk. Her kan du synge med til kjente songar, ta deg ein svingom, eller berre nyte maten og det gode lag.

Dette arrangementet passar både for deg som vil minnest gamle tider, og for deg som vil bli betre kjent med ein norsk kyst-tradisjon!

Påmelding

100 kr for sild, potet og kaffi med noko søtt attåt

Du kan melde deg på anten ved å førehandskjøpe servering via lenke øvst på sida her, eller så kan du ringe tlf: +47 982 69 854 i kontortid (man-fre kl.10-15) for å sikre deg ein plass.

Det er ei plassbegrensing på 40 stk på dette arrangementet.

Velkommen til ein festleg kvardag i godt lag!

Velkommen til ein festleg kvardag i godt lag!

Planlegg besøket ditt

Påmelding (inkl. servering)

Opningstider

11. februar — 10. juni
Onsdag - fredag 11:00-16:00
Museet held stengt i påska 28. mars - 06. april

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Honnør/student: 110 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Årskort*: 475 kr

Her er vi

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen 25B
6900 Florø