Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/christine-hansen---nedsenka-natur.jpg.

Kunstutstillinga Nedsenka Natur av Christine Hansen

Tidspunkt til
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Nedsenka Natur av Christine Hansen

Ei kunstutstilling inspirert av havet og øya Kinn

Flora Kunstlag og Kystmuseet i Sogn og Fjordane har gleda av å invitere til utstillinga "Nedsenka Natur" av Christine Hansen med fotografi, cyanotypiar og akvarell inspirert av havet og øya Kinn. Hansen tek utgangspunkt i arbeidet til ein av Noreg sine første marinbiologar, Michael Sars, som budde i Florø mellom 1831 og 1839, og som var sokneprest på Kinn. Som ekspert på manetar, pigghudar og blautdyr oppdaga Sars fleire nye artar i området, og forskinga hans dannar grunnlaget for Hansens kunstnarlege undersøkingar.

Utstillinga reflekterer over havet sine økosystem og mennesket sin relasjon til naturen. Eit av hovudverka er den fem meter lange akvarellen “Merkverdige levande dyr”, som viser fleire av artane Sars dokumenterte, saman med utdrag frå det vitskaplege arbeidet hans. I tillegg har Hansen sjølv utforska tidevassdammar på Kinn og fotografert under vatn, noko som har resultert i ein omfattande serie cyanotypiar som skildrar skjell, tang og andre marine organismar.

Gjennom verka sine trekkjer Hansen merksemd mot det aukande presset på livet i havet, og stiller spørsmål ved korleis vi forvaltar og vernar om dette sårbare miljøet. Sars si forsking er relevant i dagens kontekst, då han fokuserte på artar som ofte går under radaren når vi snakkar om vern av naturressursar.

Meir info finn du her: https://fb.me/e/aZAEbfr0V Om kunstnaren: Christine Hansen er oppvaksen i Florø og bur no i Stavanger. Ho har ein mastergrad i fotografi frå Kunsthøgskulen i Bergen (2000) og ein Ph.d. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen (2012). Hansen er førsteamanuensis i fotografi ved Kunstakademiet i Bergen. Utstillinga er eit samarbeid mellom Flora Kunstlag, Kystmuseet og kunstnaren, og er støtta av Kinn og Stavanger kommune, Nordisk kunstnarsenter Dale, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Norske Kunstforeninger.