Ei heilt unik oppleving
Visste du at du kan drive ein heil maskinpark med 80 meter drivreimer, eller lage ei bandsag med eit sykkelhjul? Kva verktøy og utstyr trengte ein for å reparere ein båt på 50-talet? Bli med oss på omvising i Nilsenslippen og få eit unikt innblikk i vår nære historie.
Kva var Nilsenslippen?
Nilsenslippen var ein verkstad for små og mellomstore båtar frå 1933 til 1987. Eigarane var familien Nilsen. Først Bertel Nilsen - herr Nilsen på folkemunne. Seinare var det sonen, Herman Nilsen, som dreiv verkstaden.
Ein slipp er bana eller rampa der båtane vart trekt opp på land for reperasjonar. Nilsenslippen bestod av ei smie, ein verkstad for trearbeid og ein mekanisk verkstad. Båtane kom ikkje med bruksanvisning eller merkevarelager. Dei laut finne ut kor feilen var sjølv, og øydelagde deler måtte dei lage på plassen. I dette beskjedne verkstadbygget klarte herr Nilsen og sonen Herman Nilsen å reparere det meste dei fekk opp på slippen.
I frå 23. juni til 17. august tilbyr vi omvising på Nilsenslippen mellom klokka 12.00 og 16.00 alle dagar. Du kan bestille tid på førehand eller møte opp på Kystmuseet.
Ring 98 26 98 54 for å tinge deg omvising.
Omvisinga er inkludert i den ordinære museumsbilletten.

