Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/pigghafiske-1718087975.jpg.

Sommerutstilling - "På jakt etter pigghåen"

Tidspunkt til
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Fotoutstilling «På jakt etter pigghåen»

I 1958 var pigghåfiske stort i Sogn og Fjordane, og det var mange fiskarar som jakta på den vesle haien. 14. - 22. mai dette året vart dagbladet-fotografen, Åsgeir Valldal, med på fisketokt.

Han mønstra på fiskeskuta, Lestholm, som hadde heimehamn i Måløy. Skipper var Ole Lofnes og turen gjekk til Shetland på jakt etter pigghåen. Fotografia gjev eit viktig innblikk i dette fisket som vart så stort her i vårt distrikt. Bileta viser korleis pigghåfiske vart gjennomført, foredla og eksportert.

I taket har vi spent opp ei håline, slik at du kan sjå nærare på fiskereiskapen. Om du treng å jobbe med dei små grå kan du prøve deg på spørsmålsløypa vi har laga til utstillinga - kanskje vankar det ein premie om du får alt rett!

kystmuseet/20240619_092500--kopi.jpg.